|
Karine Selseng har vore barne- og ungdomskonsulent i SFI i nesten 1 1/2 år. Like før jul slutta ho i si 50% stilling, og vil benytte anledninga med eit lite siste innlegg å takke for seg.
Eg trur ikkje dette er siste gong ImF-folket ser meg i aksjon, men akkurat no skal det bli godt med ein pause. Me treffest igjen! Gud velsigne dykk alle, store og små!” Det er uvisst når det kjem på plass ny arbeider i barne-, ungdoms og familearbeidet. Kontakt Trond Johansen: karin.trond@hotmail.com, eller krinskontoret på tlf: 57674500 dersom du har noko på hjertet! 23 born forutan vaksne stappa seg inn i ”rommet til Abraham” under bibelvandring på Holmedal bedehus.
Fredag 22.oktober arrangerte Holmedal Yngres ei utvida samling med bibelvandring i samarbeid med Bulandet Ving og barne- og ungdomskonsulenten. 4 rom på bedehuset blei gjort om til 8 levande bibelhistoriar frå gamle testamentet, og leiarane stilte sporty opp som både Noah, Rut, David, Enka i Serepta og Nehemja. Tre 5.klassingar frå Bulandet Ving kom saman med leiarane Gunn Torill Fedøy og Marit Veim Thistel over fjorden med ferje, og samla var 23 born frå 3.-7.klasse samla på Holmedal bedehus denne kvelden. Borna blei leia rundt frå rom til rom, og var til tider knyst stille og andre gonger engasjerte medhjelparar då dei blei betre kjent med bibelskikkelsane gjennom drama, forteljing og deltaking i bibelhistoriane. Etterpå venta Marie Øverås med vafler og pølse i brød til alle store og små som deltok! Bibelvandringa som blei brukt er godt illustrert i NLM si andaktshjelp ”Maks Hjelp – den røde tråden i GT”. Til saman er det seks bøker i denne serien, og du kan lese og bestille desse gjennom NLM: http://www.nlm.no/NLM-Ung/Barn/Makshjelp/. Ynskjer du å arrangere bibelvandring i DITT BARNELAG, ta gjerne kontakt med SFI om hjelp! Med flammeshow, sykkeltriks og spikarmatte vil ungdom i Sogndal nå ut med evangeliet! Rundt 300 store og små var samla i sentrumsparken i Sogndal laurdag 4.september. Då var det show med GX-Europe, dansarar og Ruben Gazki. Tryllekunstnaren Ruben gjekk på spikarmatte, slukte flammar og smaug seg ut av tvangstrøye. – Alt dette gjer eg for å spreia ordet om Jesus. Eg trur dette er ein god måte å formidla ordet på, seier Gazki til Sogn Avis. BMX-syklisten Thomas frå Danmark viste fram imponerande sykkeltriks saman med teamet sitt frå GX- Europe. Han var tydeleg på at talentet hadde han fått frå Gud, og delar åpent vitnesbyrd om korleis Gud kalla på han framfor dei frammøtte i parken. Showet i parken var ein del av ReCap, er ein tverrkyrkjeleg festival som samarbeider tett med Sogndal Indremisjonsforsamling. – ReCap er ein kristen ungdomsfestival med fokus på ekstremsport og utandørsaktivitetar. Festivalen har base i Sogndal og årets festival var tredje gongen. Aktivitetar på festivalen var mellom anna downhillsykling, klatring, vassport, paragliding, seminar og møte for ungdom, fortel festivalsjef Mathias Mundal til Sogn Avis etter showet. 55 deltakarar frå 13 – 30 år var meldt på årets festival, og på møta var det over 100 ungdomar. Desse fekk høyre utfordrande forkynning om å ReCapitulate – overgi oss til Jesus, og ReCaptivate – la oss fengsle av Jesus på nytt! Nokon tok i mot Jesus for første gong og fleire ville på ny gi han kontrollen over livet! Og på handsopprekning på søndagsmøtet ville samtlige kome att på ReCap neste år! Sjekk og: NRK Sogn og Fjordane: ”Me vil nå ut med evangeliet” : http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7279550 Sogn Avis: ”På spikarmatte for Jesus”: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5280365.ece
Dette er ein festival for deg som likar nye ekstreme utfordringar! Her kan du ”kaste deg rundt” i paragleider, i eskimorulle eller på downhill-sykkelen. Vere med på trylle- eller dansekurs, eller noko anna som du syns er kjekt! Gud kjem til å tale til hjerta våre gjennom Team xtreme, den kristne magikaren Ruben Gaski, og sogningen Frode Eikum. Ver klar for at Jesus snur opp ned på tilværet! Du kjem garantert til å få nye vener, men ta gjerne med deg ein av dine ”gamle” og! For meir informasjon og påmelding: www.recap.no Dette var eit av slagorda store og små ungdomar tok med seg til Lubana i Latvia, på tur med Mission Adventure i sommar. 29 ”store og små” ungdom frå Sogn og Sunnfjord , under namnet “Sogndalsteamet”, brukte 14 dagar av sommarferien sin på å bli betre kjent med Jesus og gjere han kjent blant barn, ungdom og vaksne i Latvia. Etter fire dagar på Ungdom i Oppdrag sin base på Grimerud gård utanfor Hamar med undervisning og workshops, drog gjengen avgarde til Latvia for å dele evangeliet. Husbesøk, måling av hus, hagearbeid, barnemøter, gatemøter og relasjonsbygging stod på programmet. Av dei beste opplevingane med turen vil team-gjengen nemne: - møte nye folk og gjennoppta kontakten med gamle vener - sterke inntrykk og ei styrka tru - få vere med å be for folk både i forhold til følte behov og frelse - få vere med på husbesøk som forvandla og rørte ved folk på ein konkret måte. Jan Ingar Nordheim som var med som leiar på turen, trekker fram utviklinga hjå ungdomane som eit høgdepunkt. – Å få sjå ungdommane i teamet ta nye steg i tru er det som rører meg aller mest. Blir du med?
Familien Sulebakk hadde ansvaret for samlinga inne med sang, leikar, luftgitarspel, andaktsdrypp og ballongsprekking. I tillegg var det natursti ute, i regi av Ingrid A. Søvde og Beate Alme! Og for mange kom årets første bad på Lyngmo like etterpå som avslutning på ein flott sommarsdag!
Medan dei vaksne høyrer på foredrag og slår med klubba på årsmøtet laurdag 5.juni, så samlast borna i Solvorn! Trykk på linken under, så får du all informasjon du treng! (og om det er born under 4 år som vil vere med, må det vere i følgje med ein vaksen!) KOM KOM!! Fantastisk, Guds skaparverk, fellesskap, venskap, vått, raott, utfordrande….. Orda var mange for å beskrive årets SURFETUR til STADT! 11 ungdom frå Indre Sogn drog på “Surfetur for Crazy kristne” til Stadt 5.-7.mai. Surfing, solnedgang, grilling, 5-kamp, lovsong, ord om tru og godt felleskap var noko av det som stod på menyen denne helga! Og å takke Gud for skaparverket, nei det var ikkje vanskeleg!
I helga er det årsmøte for Sogn og Fjordane indremisjon! Vi starter fredag den 4. juni med sangkveld i Hafslo kirke. Selve årsmøte, men med masse annet også, blir på lørdag den 5. juni på Lyngmo ungdomssenter. Vi avslutter dagen med stor festkveld på kvelden der bla. Generalsekretær i ImF Erik Furnes taler! Søndag blir det så fastgudsteneste i Hafslo kirke og middag etter kirketid i Ugelsvik! Velkommen |
||
|
Copyright © 2012 sfi-ung.no - All Rights Reserved |
||